top of page

For kven?

  • For alle som har bruk for ein pustepause, og som vil reflektere over sin situasjon i livet og si Gudstru, eller over livsreisa og trusreisa

  • For arbeiderar i misjon eller bistand, eller tilsette i ulike kristne samanhengar

  • Bibel- eller fellesskapsgrupper på opptil 15 personar (avhengig av at vi kan samarbeide med andre om overnatting)

Kva tilbyr vi?

I den grad du vil det, vil vi lytte, stille spørsmål, hjelpe deg til å gå djupare, sortere og sjå samanhengar. Vi kan dele våre erfaringar, peike på Gud som ser og høyrer, som er full av nåde, og som inviterer til fellesskap og gir retning. Vi kan gje deg oppgåver å arbeide med, bøker å lese, og tid til å arbeide på eiga hand.

Skape samanheng

Treng du å sjå på livsreisa di? I ei kaotisk tid kan Gud verke fjern, og vi ser ikkje lenger kva han gjer i våre liv. Korleis har han vore med i mi fortid? Kvar er han i mi notid? Kan eg stole på han for mi framtid, og korleis leier han meg? Kvar er kontaktpunkta mellom Gud og meg? Korleis bygger eg ein identitet eg kan kvile i?

Coaching

Ynskjer du å sjå framover og korleis kan du kome vidare i utfordringar du kjenner på? Har du bruk for å sortere forventningar og behov, bli sikrare på kva du vil og kan, og ta dei første stega i rett retning?

Ut i naturen

Du er alltid fri til å gå turar åleine i fjellheimen rundt bygda og bruke dei mange fine turstiane. Men nokre gonger for året vil vi invitere spesielt til å vere med oss på bærtur eller på fjordfiske med garn (og sløyedugnad på kjøkenet etterpå). Ofte hjelper det å gjere ting saman med andre medan praten går for å hente fram ei djupare innsikt.

Debriefing

Har du lagt bak deg ei livsfase eller ein periode med mykje innhald på godt eller vondt eller begge deler? Vi kan hjelpe deg å sjå deg tilbake for å sette det inn i ein samanheng med resten av livet ditt, for å ta vare på dei gode erfaringane og bearbeide dei vanskelege.

​

Tid åleine

Kanskje vil du berre ha ein stille og roleg plass, for å gjere skrivearbeid, male, komponere musikk? Kom hit og søk inspirasjon i stilla, i naturen, i det stadig skiftande lyset på fjorden.

bottom of page