top of page

Der du bur

Vi har plass i to moderne og velutstyrte leiligheter i eit nytt hus med kvar sin inngang. Den minste har eit dobbeltrom og eit enkeltrom (meir info her), og den største to enkeltrom (begge med arbeidsplass) og eit dobbeltrom (meir info her). Ved behov kan begge utstyrast med fleire senger. Den minste har eit bad, og den andre to, og begge har velutstyrte kjøken, raskt internett, utendørs delvis overbygd terasse, carport - og nydeleg fjordutsikt. Like bak huset startar turstiar som leier gjennom skogen like til fjells dersom du vil gå så langt.

Det du et

På det moderne kjøkenet kan du lage deg mat som du sjølv vil og når du vil, helst med å tilpasse deg eventuelt andre som bur i same hus. Dersom du kjem åleine kan vi tilby lunsj og middag saman med oss. Maten kjøper du på den lokale butikken der du kan gjere innkjøp kl 7-23 alle dagar i veka.

bottom of page