top of page

Herand er ei bygd i Ullensvang kommune i Hardanger, på motsett side av Norheimsund og Øystese i Hardangerfjorden. Om vinteren er det omlag 200 som bur her. Om sommaren er det ein del fleire som bur i hytter, kjem på sommarbesøk eller kjem som turistar. Landskapet gjer inntrykk på alle som kjem hit, med nydeleg utsikt mot holmar, fjord og fjell i vest, i ei lun gryte der vi ofte er verna mot veret som kjem frå vest.

Bygda har fått fleire kulturlandskapsprisar og har eit aktivt foreningsliv. Jondal er 12 kilometer og eit kvarters køyring vekke, på ei av hovudrutene mellom Bergen og Oslo. Om sommaren går ei ekspressbåtrute innom Herand to gonger om dagen med samband vidare mellom Norheimsund og Bergen.

 

Frå Herand går det både turløyper og skogsbilvegar til fjells med mange ruter å gå - til fots om sommaren eller på ski om vinteren. Eller det går an å leige båt eller kajakk om sommaren for dei som likar sjøen betre. Om sommaren kan du også reise ca 45 minutt med bil opp til sommarskisenteret på Folgefonna og stå på ski.

Du kan lese meir om bygda på Facebook eller på bygda si eiga nettside herand.no.

bottom of page