top of page

Velkommen til oss

Vi, Reidun og Gunnar Dalseth, er eit ektepar i overgangen mellom 60- og 70-åra som har brukt mesteparten av vårt yrkesaktive liv i Asia for HimalPartner (tidligere Tibetmisjonen). I vårt yngre liv var vi som studentar med i Studentlaget og Navigatørane, lærte mykje om medvandring og mentorskap og å kunne arbeide i ein teamsammenheng. Vi har budd i Thailand og Kina/Tibet i omlag 23 år (Gunnar) / 18 år (Reidun) og har mykje fleirkulturell erfaring frå samarbeid med både nasjonale og internasjonale medarbeidarar. Vårt fokus har vore å hjelpe mennesker til utvikling, både menneskeleg og åndeleg, men vi har også erfaring frå administrasjon, økonomi og leiing av prosjekt.

Reidun er sjukepleiar/sjukepleielærar av yrkesutdanning, og har videreutdanning i coaching, sjelesorg og mentoring. Gunnar er cand.polit. med hovudfag i informasjonsvitskap (datafag), men har undervegs teke ymse kurs i personleg utvikling. Begge av oss er glade i å lese og likar å fylgje med på det som skjer. Vi trivst best når vi kan ha gode samtaler om livet og kva det gjer med oss.

IMG_20210710_000408.jpg
bottom of page